1. Å teikne ulike geometriske figurar er vel ikkje det GIMP blir brukt mest til, men det er fullt mogleg. Til vanleg lager du desse enklast med teknikken frå eller ved å bruke eit av utvalsverktøya slik vi vil vise det her. Opprett eit nytt bilete og forsikra deg om at forgrunn- og bakgrunnsfargane er ulike.

  2. Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelutvalet.

    Grunnleggjande figurar som rektangel og ellipse er lette å få til ved hjelp av utvalsverktøya. Her vil vi bruke rektangelutvalet som eksempel. Klikk på denne i verktøykassa og lag eit utval på teikninga di. Dette gjer du ved å klikka der du ønskjer det øvre, venstre hjørne av utvalet skal vere og flytter musepeikaren (slik den raude pila viser på figuren ) medan du held nede den venstre museknappen. Slutt når rektanglet er så stort som du vil ha det. Er du usikker på dette, kan du kikke nærare på .

  3. Biletet syner eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen

    Når du har laga eit utval, kan du fylle dette medforgrunnsfarge ved hjelp av fyll-verktøyet , eller du kan teikne omrisset med kommandoen Strek opp utvalet i Rediger-menyen. Er du misfornøgd med resultatet kan du bare fjerne utvalet.